mandag 24. august 2015

Bloggstart på Mat, kultur og konservering MKK 101

Hei alle sammen!

Tusen takk for ei arbeidsam og triveleg samling på mat, kultur og konserveing (MKK) med safting, sylting og hermetisering ved Ørsta ungdomsskule. Det var fantastisk artig med ei slik kjekk og motivert studentgruppe! Ved MKK studiet øver vi på digital kompetanse med både blogg og Facebook (FB) side og det er lagt ut bilder frå første samlinga på FB: Høgkulen i Volda, Mat, kultur og konservering.

Mat, kultur og konserveing, haust 2015. Foto: Kari Ryslett.
No håpar eg at de har fått oppretta bloggside og at de etterkvart gjer dykk kjende med verktyet! På din blogg kan du skifte layout, heading, fargar og finpusse på din profil. Det viktigaste du skal gjere fagleg er å lage ein tekst med kjeldetilvisningar og å sette inn bilder eller film. Den kan vere lurt å skrive teksten i word og samle saman bilda eller lenkene før du publiserer blogginnlegget ditt.

Ein bloggtekst kan vere ei hypertekst og du kan "utvide teksten" med lenker til andre bloggar (hald peikepinnen over ordet og klikk på linken), filmar, wikipedia, nettsider, artiklar, etc. Merk ordet du vil bruke med Link i menyen oppe på sida som det heiter her på Blogger og lim inn nettadresse (url), då får lesaren forklaring av omgrep du bruker i teksten.

No vil eg lære deg litt nettjuss, sjå denne filmen Nettjuss 1, så kan sjå neste film Nettjuss 2 og tilslutt Nettjuss 3. Opplæringa om nettjuss du fikk no heiter omvent undervisning eller flipped classroom. Smart, ikkje sant?

Husk at bloggen er DIN, du bestemmer utforming, bilder, tekst og har kontroll på ditt kommentarfelt - dersom du ikkje likar ein kommentar så slett den!

Lykke til med produkta som skal vere sylta, safta eller hermetisert og ikkje minst lykke til med blogginga!

Beste helsing Kari Ryslett

Sharing is the new way of learning!


Bilde og design: Marianne Hagelia, Høgskulen i Volda.



 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar